Gravferd
I gravferda tek me farvel med den døde. Me takkar for livet og overlet den døde til Gud.
Når ein person i kyrkjelyden døyr, bør presten og dei pårørande koma i kontakt med kvarandre snarast mogleg etter dødsfallet. Til vanleg skal gravferda haldast innan 10 verkedagar etter dødsfallet.
Gravferd etter ordninga i kyrkja er ei kyrkjeleg handling med gudstenesteleg karakter. Dei enkelte delane av handlinga, så som pynting, symbol og kransepålegging, må høve inn i denne heilskapen.
Det må ikkje haldas tale ved ei eventuell kransepålegging utan at den eller dei av dei pårørande som har ansvar for gravferda, har gjeve samtykke til det.
Det er vanleg at sløyfene på kransar og båredekorasjonar vert opplesne av presten.